Knut K. Finne heldt eit engasjerande foredrag om dette tema i Bolstadøyri bedehuskapell kl 18 den 1. desember 2022.
Levande og godt fortalde Knut om korleis Bolstad var ein sentral plass i mellomalderen. Vassvegen var hovedåra for transport av folk og varer. Bolstad ligg naturleg til der elv møter fjord. Det var god tilgang på tømmer og det kunne lett fløytast til fjorden. Dette saman med rik tilgang på varer frå innlandet gav grunnlag for bygging av langskip og med det handel med omverda.
Årets tema var Drivkraft: "me takkar varmt for da dei gamle gav" ( frå Vossasongen).
Kulturminnedagane er i regi av Kulturvernforbundet som igjen er tilknytta European Heritage Day, under desse dagen er det arrangement i over 50 land.
Sogelaget hadde ope hus 3. september med utstilling av alle bøker som er utgitt av laget samt ymse anna i heradstyresalen.
Kulturminnedagane 2022 Drifkraft- "me takkar varmt for da dei gamle gav" - Voss Kulturkalender
Fotokjelde Marcus UiB
Ei ny årstid festar grepet stadig lengre opp i fjellsidene i Teigane. Nede i dentrange botnen fløymer elva i vårkåte kast. Ein blankpussa dag er på hell. I hesteskyssen som snor seg nedetter den smale kjerrevegen sit to menn, utanom kusken. Fylkesmann Friis Pedersen er full av lovord over den vakre naturen. Ordførar Nils Mugaas nikkar og smiler, peikar og forklarer. Bymannen har aldri vore i Teigdalen før. Då dei nærmar seg Fadnes ser dei ho. Ei gigantisk, gråsvart sky har tårna seg opp over fjella, og driv vestover.
til Holo gard i Rasdalen
laurdag 10.september 2022 kl 12.00. Me køyrer bil til vegenden i Rasdalen og spaserer derifrå på fin sti ca 1/2 time. I Holo møter Rune Simonsen oss og han vil fortelja om garden og plassen. Frammøte på stasjonen på Bolstad kl 12.00. Ta gjerne med deg kaffi og noko å bita i. Alle som har lyst kan vera med på denne vandringa.
Vel møtt!
Arr. Vassvøri sogelag
-----------------------------------------
Frammøte ved småkraftverket (Mesopotamia) i starten av Vossedalen.
Me gjekk stølsvegen gjennom Hernesberget og fram til gardane på Hernes og vidare ned til bilvegen.
Du kan kjøpa denne utgåva på Evanger Landhandleri, ARK amfi, Voss Bokhandel og Dalekvam Coop.
Me sender i tillegg boka "Ord og uttrykk frå Vassvøri" av Knut Hjørnevik, til alle medlemmer.
Alternativt send epost til oss so sender me for kr 250 + porto.
Vassvøri sogelag hadde årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger måndag 21. mars 2022.
Vedtektsendring. Styret i Vassvøri sogelag la fram forslag til endring i vedtektene, § 7. Paragrafen har fylgjande ordlyd: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Det skal gjerast kjent i lokalpressa og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde».
Forslag til endring: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april. Det skal gjerast kjent på Heimesida til Vassvøri sogelag, i e-post til medlemer, på Facebook-sida til sogelaget og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde». Det kom forslag om å føya til at oppslag skal vera på Brekkhus, i Evanger sentrum og på Bolstad. Med denne tilføyinga vart endringa godkjent.
Vassvøri sogelag vart skipa 5. september 1993. Laget femnar om grendene på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen.
Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern.
Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for grendene si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.