Årsmelding 2025
Årsmelding 2025
Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for Lokalhistorie, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Vestland Kulturvernnettverk. Sogelaget held møta sine i heradshuset på Evanger.
2025 har vore eit aktivt år i Vassvøri sogelag, med fleire arrangement, møte og dugnader. 200-årsjubileet for utvandringa og 80-årsmarkering av fredsvåren 1945 er noko av grunnlaget for aktiviteten dette året.
Årsmøtet vart helde i heradstyresalen i heradshuset på Evanger 18.mars kl. 18. Det møtte 19 medlemer. Leiar Grethe Finsrud Agerlie opna møtet og ynskte alle velkomne. Grethe sto for leiing og gjennomføring av møtet.
Møtelyden starta med 1 minutt stille for to medlemer som var gått bort: Sigfred Århus og Kjartan Rødland.
Årsmelding 2024: Kåre Olav Aldal las opp årsmeldinga, som og var kopiert opp og utdelt. Det var ingen merknader til årsmeldinga, som vart godkjent av årsmøtet.
Økonomi: Svein Mykkeltvedt delte ut samandrag av rekneskapen for 2024, og gjekk gjennom kvar enkelt post. Kapitalen har minka med kr 3231,65 dette året. Det var ingen merknader til rekneskapen, som vart godkjent av årsmøtet.
Takk for innsatsen: Grethe delte ut gåver til skriftnemnda, som takk for godt arbeid. Svein Lien vart tildelt gåve for administrering av heimesida. Det vanka gåve til Ottar Bergstad, som også dette året har gjort ein stor innsats ved sal av årbøker.
Innkomne saker: Styret hadde motteke ei sak til årsmøtet, innsendt av Arne Skjerven. Saka vart sendt ut til medlemene før årsmøtet, og har slik overskrift:
Digitalisering av gardssoga for Evanger og rettingar og oppdatering
Sjå referat frå årsmøte 2025 for nærare detaljar, og årsmøtet sitt vedtak. Styret sende saka over til Voss Bygdeboknemnd, som handsama saka 05.05. Av svarbrevet går det fram at Voss Bygdeboknemnd ser det som svært positivt at der er interesse i Vassvøri sogelag for å oppdatere Evangerbøkene. Når Vossaboka er ferdig, står Evanger for tur, slik nemnda ser det. Eit samarbeid med Vassvøri sogelag vil vera både ynskjeleg og naudsynt i arbeidet med Evangerbøkene, sett frå Voss bygdeboknemnd si side.
Styret i 2025 har vore:
Leiar: Grethe Finsrud Agerlie valt for 1 år i 2025
Nestleiar: Knut Mestad valt for 2 år i 2025
Kasserar: Svein Magne Mykkeltvedt valt for 2 år i 2024
Skrivar: Kåre Olav Aldal valt for 2 år i 2024
Styremedlem: Arne Johan Flansås valt for 2 år i 2025
Varamedlemer:
Inger Marie Hernes (ny). Valt for 1 år i 2025. Terje Styve. Valt for 1 år i 2025.
Revisorar: Ivar Hernes, valt for 1 år i 2025. Norvald Lien Mugås, valt for 1 år i 2025.
Valnemnd: Dag Finne, leiar. Valt for 3 år i 2023. Einar Horvei. Valt for 3 år i 2024. André Brunborg. Valt for 3 år i 2025.
Vedlikehald: Styret hadde ryddedag i heradshuset 06.02. Kjellaren har etterkvart vorte overfylt med ting som sogelaget er eigar av, og særleg ting som folk har donert til laget. Noko av tinga vart køyrt opp i Knute Nelson-stova. Mykje bos vart fjerna. Safen i møterommet vart og rydda, då den var overfyllt. Det vart og hengt opp ein del bilete i heradstyresalen.
Sogelaget har kjøpt inn eit vitrineskap til oppbevaring og utstilling av gjenstandar, som er plassert i heradstyresalen. Kulturprisen for 2024 har fått sin plass her.
Mandag 12.05 hadde styremedlemer dugnad ved Knute Nelson-bautaen og heradshuset. Det vart planta blomar i bedet rundt bautaen. Jord og plank vart skifta ut. Voss herad betalte det som vart kjøpt inn. Betongkanten vart skrapa og malt. I november vart hekken skoren ned, då den hadde vakse seg altfor høg i høve til blomebed.
Knut Mestad har, som vanleg, utført slått rundt husa ved Knute Nelson-stova.
Biletarkiv: Etter om lag to år med stillstand har registrering av bilete kome i gang att dette året. Bilete i sogelaget sitt arkiv vert lagt inn i digitalt webarkiv til Vestland Fylkeskommune. Det er registrert ca 250 av 500 bilete tidlegare. 19.februar fekk sogelaget vitjing av Hedvig Ølmheim, som er ansvarleg for webarkivet i fylkeskommunen. Ho heldt ei innføring i registrering i ny database. 5 medlemer er no i gang med biletregistrering, og har fått utdelt 25 bilete kvar til registrering.
Evangerlaurdag var i år lagt til 31.mai. Arne Flansås og Knut Mestad var på plass og selde bøker for sogelaget.
Hordaland sogelag: Årsmøte og kulturhistoriske dagar vart i år arrangert på Tysnes og Fitjar 31.mai og 1.juni. Arrangør var Tysnes sogelag og Fitjar sogelag. May Britt Torkilsen og Einar Horvei var utsendingar frå Vassvøri sogelag.
Omvising: 12.juli hadde Kåre Olav omvising for ei gruppe på 10 personar som ferierer på Tyssen. Dei vitja først Knute Nelson-stova. Deretter var det omvising i heradshuset, med matøkt i heradstyresalen og orientering om sogelaget. Fire av dei som deltok melde seg inn som medlemer i sogelaget.
Kulturverndagane 2025: Desse dagane hadde i år tre tema: Arkitektonisk arv, friluftslivets år og Utvandrarjubileet 2025. Sogelaget arrangerte kulturvandring på Stalheim 31.august. Gruppa, som talde 22 personar, fekk først omvising i museet til Stalheim Hotel, med Trygve Dugstad som guide. Etter lunsj på hotellet var det vandring i den nyrestaurerte Stalheimskleivi, med Kåre Olav som guide.
Knute Nelson-dag på Kvilekvål vart arrangert 3.september. Skulane på Evanger og i Eksingedalen var invitert til kl.11. Frå kl.16 var det open dag. Eirik Helleve frå Voss Folkemuseum heldt eit kåseri om utvandringa til Amerika, med spesiell fokus på Vassvøri. Til saman møtte det 55 personar denne dagen.
Skrivekurs: Søndag 26.oktober deltok Olav Edal og Kåre Olav Aldal på eit kurs i Bergen: «Frå ordinære artiklar til godt lesestoff». Kurset vart arrangert av Hordaland sogelag, og var mynta på personar som arbeider med årbøker i lokale sogelag. Kursleiar var forfattar Ottar Grepstad.
Registrering av kongevegen: Voss sogelag har teke intiativ til å få registrert kongevegen gjennom Voss herad. Dette er eit samarbeid mellom Voss sogelag, Vossestrand sogelag og Vassvøri sogelag. Planen er å få GPS-registrert og kartfesta mest mogleg av kongevegen. Olav Edal og Kåre Olav Aldal deltek frå Vassvøri sogelag.
Gamle dokument: Sogelaget har overteke ei samling dokument og brev etter lensmann B.Mugaas og sonen Nils B.Mugaas, som var ordførar, kyrkjesongar og lærar i Evanger.
Maleri: Sogelaget har kjøpt eit maleri av målaren H. Ødemark Larsen. Han har malt interiør i Knute Nelson-stova på 1950-talet. Maleriet vert hengt opp i heradshuset.
Gåver og tilskot: Sogelaget har i 2025 fått kr 10.000 i gåve frå Voss Sparebank, etter søknad om stønad til årboka «Frå fjell til fjord» 2024. Frå Voss herad har sogelaget motteke kr 10.000 i driftstilskot. Sogelaget søkte Voss herad i 2024 om tilskot til rydding og merking av vegen over Vindeggi. Søknaden vart innvilga, og midlane vart utbetalt i 2025.
Sogelaget har motteke ei bokgåve frå Elisabeth Mæland. Dette er ei samling bøker av forfattarane Bjørn Rongen og Knut Horvei. Bøkene vert plassert i eit vitrineskap i møterommet i heradshuset, der fleire av Bjørn Rongen sine bøker er utstilt frå før. Styret takkar for gåva!
Godt lag: Voss Sparebank arrangerte 6.november ein festkveld for alle lag og foreiningar som banken har gitt stønad til i form av gåver og sponsormidlar. Arrangementet gjekk føre seg i Vossasalen på Park Hotell. Grethe Finsrud Agerlie og Svein Mykkeltvedt møtte for Vassvøri sogelag.
Frå fjell til fjord 2025: 12.november var bøkene på plass i heradshuset. Styret pakka og sende bøker til medlemer dagen etter. Boka har variert stoff, med særleg vekt på 200-årsjubileet for utvandringa og 80-årsmarkeringa av fredsvåren 1945. Skriftnemnda har også i år gjort ein grundig jobb. Jorunn Hauge må og nemnast, då ho gjer ein god jobb med oppsetjing av boka, i samarbeid med skriftnemnda. Boka har fått heiderleg omtale i avisene Hordaland og Vaksdalposten.
I sommmar fekk me beskjed om at Kari Mykkeltveit, som har vore medlem i skriftnemnda sidan 2021, ikkje kunne halda fram i nemnda på grunn av sjukdom. I haust fekk me den tunge bodskapen at Kari var gått bort 16.oktober. Kari vert sårt sakna i skriftnemnda og i sogelaget. Me lyser fred over hennar minne!
Jolemarknad: Det vart arrangert jolemarknad på Evanger 15. og 16.november. Knut Mestad var på plass og selde bøker for sogelaget.
7.desember var det jolemarknad på Bolstad. Svein Mykkeltvedt selde bøker for sogelaget.
På Heimesida til sogelaget finn ein aktuelt stoff som: Presentasjon av sogelaget, aktuelle tilskipingar, bøker for sal, lagssoge, oversikt over tidlegare artiklar i årboka mm. Heimesida har nettadressa www.vassvørisogelag.org
Facebook: Sogelaget har eiga gruppe på Facebook, der det vert lagt ut aktuelle saker, bilete, møteinnkalling o.l. Namnet på gruppa er Vassvøri sogelag.
Møte: Sogelaget har i 2025 hatt 11 styremøte.
Talet på medlemer: Pr. 31.12.2025 hadde laget 127 medlemer. Det er ein auke på 9 frå året før.
Horvei 20.01.2026.
Kåre Olav Aldal