Vedtekter
Lover for Vassvøri sogelag vedteke på skipingsmøte 5.september 1993, revidert på årsmøte 21.mars 2022.
§ 1. Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern. Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for grendene her si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.
§ 2. Verksemd. For å nå føremålet kan laget gjerne samarbeida med skule, lokale organisasjonar og kommunale og fylkeskommunale organ.
- skipa til møte, kurs, omvisningar, registreringar, innsamling av muntleg tradisjon, musikk, målføre, stadnamn, bilete og anna av historisk verd.
- arbeida for at det kan verta utgjeve bygdebok, årbok, hefte eller medlemsblad.
- arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i grendene
§ 3. Laget er knytt til Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie.
§ 4. Medlemer av laget er dei som betalar dei årlege medlemspengane.
Medlemspengane vert fastsett av årsmøtet.
Utmelding av laget må vera skriftleg.
§ 5. Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer.
Årsmøtet vel:
- Leiar for 1 år. Leiar vert valt særskilt.
- 4 styremedlemer for 2 år. 2 står på val kvart år.
- 2 varamedlemer for 1 år.
- 2 revisorar eller 1 fagrevisor.
- Valnemnd; 1 ny medlem skal veljast kvart år. Den som har site lengst i nemnda går ut. Det vert pålagt den som har lengst erfaring å samankalla nemnda og å styra valet på årsmøtet.
Innan styret vert vald: Nestleiar, skrivar og kasserar.
Styret vert samankalla av leiaren.
Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir.
Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme.
- § 6. Rekneskapen skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet i revidert stand.
- § 7. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april. Det skal gjerast kjent 3 veker før møtet på: Heimesida til Vassvøri sogelag, i e-post til medlemer, på Facebook-sida til laget og ved oppslag på Brekkhus, Evanger og Bolstad.
- § 8. Omframt årsmøte kan verta halde når styret gjer vedtak om det, eller når 1/3 av medlemene krev det. Omframt årsmøte kan berre handsame den eller dei saker som er gjort kjende i utlysinga.
- § 9. Lovendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Framlegg til lovendringar må vera komne til styret innan utgangen av desember.
- § 10. Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfølgjande årsmøte har vedteke det med 2/3 fleirtal.
Laget sitt arkiv, aktiva og midlar går over til Hordaland Sogelag.