Bryggja på Bolstad
Vassvøri sogelag har stått for restaurering av den gamle postbryggja og dampbåtkaien på Bolstadøyri.
Bryggja vart bygt i 1884, i framkant av ei stor sjøbu som sto der då. Sjøbua vart riven på 60-talet.
Sjå artikkel i «Frå fjell til fjord» 1997 av Knut Øvstedal.
Bryggja, som er bygt av naturstein, var no prega av «tidens tann», der fleire parti av murane var rasa ut.
I framkant var nokre steinar i fundamentet glidd ut, slik at vestre hjørnet kunne ha kollapsa når som helst.
Heile sidemuren mot aust er murt opp att, saman med hjørnet og noko av framsida. Dekket av frest asfalt er skifta ut med naturgrus.
Vegen ned mot stranda på austsida er slaka ut og forsterka.
Sogelaget har fått økonomisk stønad frå fleire hald til restaureringa. Budsjettet er på kr 320.000.
Det er utført om lag 50 dugnadstimar.
Alt maskinarbeid er utført av Voss Maskinstasjon AS. Arbeidet starta i august, og vart fullført 4.september.