Medlemsmøte på Bolstad

Vassvøri og Voss i mellomalderen

Knut K. Finne heldt eit engasjerande foredrag om dette tema i Bolstadøyri bedehuskapell kl 18 den 1. desember 2022.20221206_223725.jpg

Levande og godt fortalde Knut om korleis Bolstad var ein sentral plass i mellomalderen. Vassvegen var hovedåra for transport av folk og varer.  Bolstad ligg naturleg til der elv møter fjord. Det var god tilgang på tømmer og det kunne lett fløytast til fjorden. Dette saman med rik tilgang på varer frå innlandet gav grunnlag for bygging av langskip og med det handel med omverda.

 

20221206_203621.jpgMellomalderbreva gjev oss mange detaljerte opplysningar om korleis handel føregjekk og korleis lover og reglar vart praktisert. Breva gjev oss óg innsyn i noko som tyder på stor maritim aktivitet på Voss og Bolstad. 

Her er nokre av kjeldene til foredraget. Spennande om nokon vil forska vidare på dette. Det er kanskje bakgrunn nok til fleire bøker!

Søketenesta «Avansert søk i Diplomatarium Norvegicum»Diplomatarium Norvegicum (uio.no)

21.04.1398: Brev om byggjing av langskip på Bolstad: Diplomatarium Norvegicum (uio.no)

Her er link til 25 brev i tidsrommet 1317 – 1560 som nemner namnet Bolstad (både Voss og andre stader i landet).  Trykk «Vise diplomet» for å lesa: Diplomatarium Norvegicum (uio.no)

Her er link til 8 brev i tidsrommet 1332 – 1468 som nemner namnet Evanger. Diplomatarium Norvegicum (uio.no)

Gerhard Schøning sitt Noregskart frå 1778: Norvegia_antiqva.jpg (7122×9500) (wikimedia.org)

På flyfoto under kan konturar skimtast i kulturlandskapet ved utløpet av Vosso. Kan det vera spor etter maritim aktivitet -og kva skjuler fjorden?

Bolstad langskip.jpg

 

Hjertestartar

Etter foredraget vart det meir kaffidrøs og informasjon frå Nils Arne Mugås om korleis ein brukar hjertestartar.

20221202_093807.jpg

Bakgrunnen for dette er sogelaget sitt kjøp av fem hertestartarar.  Styret valde å bruke testamentert gåve frå dødsbuet etter Gunnar og Maj-Lis Ekse som delfinansiering i denne investeringa. Det blir plassert to hjertestartarar på Bolstad, to på Evanger og éin på Brekkhus. 

Me kjem attende med informasjon om nøyaktig plassering når det er avklara.